Vanylven kommune kultur
Vanylven kommune kultur - arrangerer ulike arrangement for ulike aldersgrupper i Vanylven.
Vanylven kultur - for alle
Musikkglede for eldre
Med bereddegåve frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre kan vi tilby konsertar på Vanylven helse - og omsorgssenteret på Fiskå i 2026. Dette er gratiskonsertar for pensjonistar i Vanylven kommune.
DKS - Den kulturelle skulesekken - profesjonell kunst og kulturformidling for barn og unge.
Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal ordning som skal bidra til at alle skuleelevar i Norge får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år.
UKM - Ung Kultur Møtast
Lokalmønstring og fylkesmønstring - UKM er ein arena der ungdom møter ungdom, der kultur utvekslast utan konkurranse, men med tanke på utvikling, læring og samhald.
BUA - Barn Unge Aktivitet
BUA Vanylven har gratis utlån av utstyr til sports- og friluftsaktivitetar for barn, unge, familiar, barnehagar, skular, lag og organisasjonar i kommunen.
BUA arrangerer ulike arrangement, også saman med frivilligsentralen og andre.
Monsiaden - Idiell forening
Monsiaden går av stabelen fyrste onsdagen i juni kvart år og byr på eit kulturelt program. Aktivitetsløype, boccia-turnering, 400 m, 60 m, lengdehopp, kast med liten ball, meldaljer og premiar, mat, dans og moro.
Monsiden er eit idell forening med formål å fremme organisering og gjennomføring av det årlege idrettsarrangementet - Monsiaden - trivsel for likeverd sommarleikar i Vanylven. Det legges vekt på å skape trivsel gjennom ein møteplass med forutsigbart og godt miljø.
Kalender
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| 08.04.2026 | 16:00 | Panfløytekonsert med Roar Engelberg | Vanylven helse - og omsorgssenteret på fellestova |
| 18.04.2026 | 15:00 | UKM 2026 | Fiskå ungdomshus |
| 22.09.2026 | 16:00 | Konsert med Elise Nærø | Vanylven helse - og omsorgssenteret på fellestova |