Kafé Tynnaknuten, det vesle økologiske bakeri på Rovde.
Mat og drikke
Kafe fredag mellom kl.14.00 og 19.00. Vi serverer suppe eller lett lunsj. Fersk gjærbakst og av og til kaker . Vi har alltid nykokt kaffe/te. Vi held til på ein liten gard med geiter, kyr og høner og satsar på å servere mat frå eigen gard.
Gardsbutikken til Knardal Økologiske gard ligg på garden og er open dagleg med sjølvbetjening, ofte er vi i nærleiken, stikk innom! I gardsbutikken selger vi egen eplejus og produkt frå geit.
Vi held til på Tynnaknuten gard, Syvdsnes, i eit gamalt gardshus frå 1903. Garden ligg fredfullt til, i vakker natur på Syvdsneset der tre fjordar møtast. Vi tilbereder maten din på AGA ovn, og nyttar berre økologiske råvarer frå garden og nærområdet. Hit kan du kome for å slappe av ved den fagre Rovdefjorden, nyte den fredfulle atmosfære. I hardt vær fyrer vi i ovnen inne og fasinerast av kreftene her ute mot Stadt.
Kafeen er drive av Hildegunn Knardal og Per Arne Riksheim som driv Knardal økologiske gard.
Kafeen har Debio gullmerke og har drive sidan 2016.
Velkomne!