Tirsdag
1
Oktober
kl. 12:30 - 13:30
Fiskå ungdomshus
Arr: Frisklivssentralen i Vanylven kommune
Gravid- og mammatrening
Nytt tilbod på Frisklivssentralen m/fysioterapeut som instruktør. Vi trener i gruppe, men det vert individuelt tilrettelagt slik at alle får noko dei kan gjennomføre. Hovudfokus er styrke-, stabilitet-, mobilitet- og bekkenbunnstrening! Vi tilrettelegger for babyen i treninga, anten om dei ligg saman med oss, på matte i midten eller at ein gjer øvingane med barnet. Eller kanskje søv dei gjennom timen?Lurer du på om dette er aktuelt for deg? Ta gjerne kontakt for meir informasjon! Det er påmelding til gruppa og ein eigenandel på 200,- for halvåret for å delta. Det er mogeleg å melde seg på også etter oppstartsdato 01. oktober.
Spørsmål/påmelding til: Fysioterapeut Silje Marita Vallestad, Tlf: 919 95 346.
Utstyr: Treningsklede, innesko og gjerne matte/miniband om du har. Ta også gjerne med babyteppe eller -matte og leikar til barnet.